torsdag 6. mai 2010

Naken dans

"Kom hit," kviskra kameraten min. Han drog meg inn mellom bokreolane på biblioteket. Her var det stilt som det pla vera i biblioteka i gamle dagar. Han såg etter ei bok, men fann ho ikkje. Seinsumarvarmen merka vi ikkje her i kjellerlokala. Vindauga sto likeve på glytt og vi kunne høyre susen frå Storelva. Mørk og svart skil ho byen i to.

"Det er erotikk," sa kameraten. Han hadde funne boka og var glad. Det var ikkje sjølvsagt. Boka kunne vera utlånt. Boka kunne vera fjerna frå boksamlinga. I biblioteket i dalen kameraten min kom frå, var boka fjerna. Forfattaren kom òg frå same dalen. Sambygdingane kunne kanskje lesa mellom linene og fann att noko som dei kjende att. Erotikk, eg var ikkje heilt sikker kva ordet tyde. Vi hadde fyste året på Realskulen bak oss, ungdommen fram om oss.

No sto vi blant vaksenbøkene. Raude og brune bokomslag på alle. Bøkene med bilete av fly og tog og teknikk, som eg var glad i å låna, var i ei anna avdeling. Her var det berre skjønnlitteratur. Eg opna boka, eg fekk i handa, ingen bilete berre tekst. Eg forstår ingen ting, seier eg. "Det er nynorsk, trøndersk nynorsk," svarar kameraten Eg prøvar igjen, men nå gje opp, "Dansen gjennom skuggeheimen" vart ei attlaten bok i mange år.

Følgere