mandag 19. juli 2010

Det finst reglar

Det finst reglar. Ingen får snakka om døden. Ingen får nemne ordet hest. Nemner ein det ordet, blir ein sett i land. Slik er reglane når ein seglar under havoverflata.

Den ufødde sonen til ubåtkapteinen ligg som ubåten i mørkeret, i saltvatnet. Snart vil han møta verkelegheita. Tekstane til Bjørn Sortland i boka ALT DET SOM ER er stutte. Kvar setning er ei bitte lita historie, alle orda tyder noko, og det er godt for ein lesar som les seint.

Mellom tekstane er bileta til Paul Dikker. Saman med teksten gir dei boka til ei uvanleg bok. Det er ikkje ei biletbok. Den er ikkje fylt med bokillustrasjonar. Den enkle teksten om barnet som skal koma, gjer bileta ein eigen klang. Bileta av dei uendelege videne, sjøen, ørkenen og dei små menneska, mange med eit stramt perspektiv utan detaljar, med uvanleg fargeharmoni, lagar ein klang av ein annan verkelegheit, slik god kunst skal gjera.

69 sider

ALT DET SOM ER
Aschehoug

Følgere