Viser innlegg med etiketten nynorsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nynorsk. Vis alle innlegg

mandag 3. juni 2013

Fredrikke Marie Qvam

I små ting frihet
I store ting enighet
I alle ting kjærlighet

Ei av dei siste åra mormor levde besøkte eg ho på gamleheimen. Ho hadde fortalt om mor si, oldemor mi, før, men no var det ansleis. Ho snakka sakte og tenkte mykje. "Eg sit senga og mor er der, det er ei lita jente der òg. Kan det vera meg?"
Ho tenkte seg om.
 "Nei," sa ho og lo. Det kunne det ikkje vera meg. Rett nok var ho gamal no, men så tullerusk hadde ho ikkje vorte at ho såg seg sjølv, men ho såg noko no. Det var klart, gamle minner.
"Var det Jenny?"
 Ja, det var det, Jenny systera mi, måtte det vera. Ho var lita, berre ungen. Eg var ikkje gamal eg heller.

No veit eg ho var akkurat ni år på denne dagen. Ho skulle ha feira årmålsdag, den dagen. Eg veite av di det står i kyrkjeboka. Men dagen vart ikkje noko å feira.

Mormor hald fram med å fortelja. Men brått er mor borte.  Eg skjøna ingen ting. Hadde ho gått på do, skulle vore tilbake no. Eg vart redd og byrja leite etter ho.  Eg fann ho ingen plass, ikkje på stova, ikkje på kjøkenet. Eg måtte sjå om ho framleis var på do.

Doen var ein del av låven. Ein heilt typisk utedass med flugor og lukt. Å gå på do på landet var ei heilt anna oppleving enn i byen kor eg budde. Men dette hende var før mi tid og dessutan var det vinter. Anna, mora til mormor hadde går på skirenn den vinteren. Ho hadde kome på niande plass. Det må ha vore nokon av dei fyrste kvinne-skirenna i verda. Skiklubben Skade er visstnok den eldste kvinne-skiklubben som er.
 
Så fortalde mormor: men ut på tunet fann eg ho. Ho låg i snøen, livlaus.

Eg trur eg hugsar at eg som liten gut høyrde ei klokke som ringde midt på dagen. Når eg spurde kva det var, sa dei vaksne det var klokka som fortalde arbeidsfolket at no var det dugurd. Klokka hang i klokketårnet på By gard på andre sida av elva. Sjøl om det er eit stykkje veg dit, så kan ein sjå tårnet no òg sjølv om klokka ikkje kling lenger.

Så det er vel sant det mormor fortalde:  Eg skreik og  hylte. Skrika vart høyrt over heile bygda, heilt til By gard på andre sida av elva. Det fortalde folk meg seinare.

Eg tenkte på dette, når eg sat og høyrde Robert Øftsti intervjua Magnhild Folkvord om boka ho skreiv om Fredrikke Marie Qvam. Fredrikke voks opp på By gard. Qvam familien kom, som Robert Øfsti, frå ein familie av kjøpmenn frå Trondheim. For meg har Fredrikke Marie berre vore ho dama med den breibremma hatten som det står ein byste av på torget ved sida av kyrkja. Ho som stifta st «Norske Kvinners Sanitetsforening».

Eg har aldri forstått kvifor ho har  fått slik merksemd. Ei tid ville nokre kvinnfolk at det største skulen i Nord Trønderlag skulle heite Fredrikke Marie Qvam vidaregåande skule. Ein kollega med mykje kunnskap om lokal litteratur føreslo Skuggeheimen vidaregåande skule. Det klang betre tykte eg. For kven har ikkje lese Dansen gjennom skuggeheimen? Det forslaget arbeide eg aktivt for å få igjennom. Eg meiner òg eg hadde ei god grunngjeving.

Men korleis får ein gjennom gode forslag? Det streid ein med før i tida òg. Men ulikt meg, klarte Fredrikke Marie Qvam å få gjennom sitt forlag. Forslaget om alminneleg stemmerett for kvinner.

Magnhild Folkvord teiknar eit bilde av tida før Fredrikke Marie Qvam vant kampen om stemmer rett for alle kvinner. Ei tid eg skulle ha vist meir om, men eg sat ikkje med nasen i historie boka når eg gjekk på skulen. Noko har eg no fått med meg likevel. Eg husker eg var forundra då morfar fortalde at dei i 1905 las avisa kvar dag for å sjå korleis det gjekk. Tenk morfar levde i 1905.

«Norske skyttere» heite tre bøker som sto i nedste bokhylla til morfar. Det var tamme bøker. Berre bildet av andletet til «norske skyttere».  At «folkevæbningssamlaget» var ei rørsle som hadde  noko å siea i 1905, veit eg ikkje nolo om, men det kan hende. Det kan hende ein må sjå danning av «Norske Kvinners sanitet» samanheng med 1905 òg.

Mormor som nå var morlaus vart med oldefar på anlegg. Der jobba ho som kokke. Det høyrde eg mykje om. Men det er fyrst etter å ha lese kyrkjebøkene eg veit at ho var berre ungjenta. Oldefar hadde kome frå Sverige, som arbeidsinnvandrar ville vi kanskje sagt i dag, som slusk eller rallar tykkjer eg kling like bra. I kyrkjeboka står han skreve inn fyrst som «gruvearbeider» og seinare som «gråsteinarbeider» ved By Brug.


Fredrikke Marie Qvam NKS

Fredrikke Marie Qvam

Stemmerettsjubileet
  

 

mandag 19. juli 2010

Det finst reglar

Det finst reglar. Ingen får snakka om døden. Ingen får nemne ordet hest. Nemner ein det ordet, blir ein sett i land. Slik er reglane når ein seglar under havoverflata.

Den ufødde sonen til ubåtkapteinen ligg som ubåten i mørkeret, i saltvatnet. Snart vil han møta verkelegheita. Tekstane til Bjørn Sortland i boka ALT DET SOM ER er stutte. Kvar setning er ei bitte lita historie, alle orda tyder noko, og det er godt for ein lesar som les seint.

Mellom tekstane er bileta til Paul Dikker. Saman med teksten gir dei boka til ei uvanleg bok. Det er ikkje ei biletbok. Den er ikkje fylt med bokillustrasjonar. Den enkle teksten om barnet som skal koma, gjer bileta ein eigen klang. Bileta av dei uendelege videne, sjøen, ørkenen og dei små menneska, mange med eit stramt perspektiv utan detaljar, med uvanleg fargeharmoni, lagar ein klang av ein annan verkelegheit, slik god kunst skal gjera.

69 sider

ALT DET SOM ER
Aschehoug

onsdag 24. mars 2010

Ljoset

Eg møtte ho i Universitetsgata. Ho var mogleg eit år eller to eldre enn meg. Ein legg stor vekt på slikt, når ein er ung, singel og student. Vi skulle begge ta Examen philosopicum. "Hei", sa eg. Ho nikka uinteressert att ende. Eg hadde ikkje venta nok anna hell. Sjølvmedveten Oslojente, pen i anlete, pen i kleda. Det knitra og knirka i alle kjolety ho hadde, i det ho svinsa forbi.

Eg høyrde og eit hei, og så eit så eit hei som vart ropa. Kven kunne det vere? No høyrde eg skritta bak meg. Det var ho! Kvifor hadde ho stogga? "Du," sa ho, "var du på det møte om lesing og lesehastighet i frukostkjelleraren?" Eg kunne ikkje nekta.

Eg skulle lese Arne Ness sine to bøker og Psykologiboka til Schjelderup. Gjekk det bra med philosopicum, skulle eg tenkje på kva eg skulle studere. Dagane gjekk og det hadde vore stor føremon å lese bøkene både ein og tri gonger føre eksamen.

Ein dag hang ein stor plakat på oppslagstavla. Pykologistudentane trong friviljuge til å øve på. Dei hadde eit apparat som kunne finna ut kor fort ein las. Det kosta ingen ting, så korfor ikkje.

Eg hadde lese ei bok om "hurtiglesing" var overtydt om at no kunne er rasa frå side til side, det kunne vere fint å få det stadfest.

"Ble du sendt ut frå Psykologiskinstitutt." spurde ho. "Hæ," eg hadde vore på Blindern, men ikkje i nærleiken av noko institutt. Drukke øl på Fredrikke kanskje. Kvifor spurde ho? "Du ble altså ikke sendt ned dit av ..." Og ho nemnde namn eg aldri hadde høyrd.

Vi var mange som hadde takka ja til å få mælt kor fort vi las. Det vesle rommet ved sida av frukostsalen var fullt. Vi fekk eit foredrag om det nye apparatet dei hadde fått låne frå instituttet. Dei feste eit band på hovudet og ei lita lykt sende ein ljostråle mot auga. Augerørslene fekk soleis ein nål på ein nålskrivar som sto på ein stol ved sida av til å teikna ein strek som synte når auga stoppa opp - ein så kalla fiksering.

Ho kjende mange av studentane som studerte psykologi. Eg trur ho var saman med ein av det òg.

Ein etter ein kom dei opp og fekk lese ein tekst på eit apparat. Teksten var skreve på eit papir som ein kunne rulle fram line for line, meir ein skriftrull enn ei bok. Psykologistudentane las av apparatane, og sa eit tal. Så vart det nest mann sin tur. Til sist var vi bare nokre få att. "Har alle prøvd nå?" Eg hadde ikkje prøvd. Skulle eg prøve. Nei, like greit å lat vere, men det hadde vore morosamt òg.

"Eg har ikkje prøvd," høyrd eg at eg sa. "Fint, kom fram." Det verka som dei vart glade for å få alle med, så dei kunne bruke den nymotens apparatet enno ein gong.

Ljoset skar i augo og det var vanskeleg å sjå teksten i boksen. Dei sa ikkje noko tal til meg. Eg var skuffa. Kva var gale? "Du må lesa", sa ein. Ein annan sjekka nålskivaren. "Vi får ikkje noko utslag," sa han. "Du må retta på ljosstråla" sa ein tredje. Eg røyrde augo fort frå starten av lina til slutten lina, slik ein hurtiglesar skal gjere.

"Vi må prøva det andre auga." Reima rundt hovudet vart vrid slik at no skein ljose i det andre auge. Dei dobbelsjekka utstyret. Kontaktane sto i, kva var gale? Det hadde gått så greit med alle saman, så kvifor ikkje siste mann òg. Han var sein til å kome fram, men no hadde dei mest lyst til å gå heim.

Så kom fjerde mann fram til meg og snakka vennleg til meg. (Tru om han var kjærestem hennar.) Kan du sjå bokstavane på skjermen, han peika med ein blyant. Jo, eg kunne det. "Og så leser du første linje. Hva står det?" Eg las høgt. Nålskivaren røyrde seg. De sukka letta, apparatet var i orden.

Eg fekk høyre eit tal, eit eit-sifra tall. Dei som hadde gått fekk to. Og pensumbøkene las eg ikkje tri gonger.

lørdag 10. januar 2009

Fanden

Det var ikkje snøkave dagen eg møte fanden. Dagen var klår, og om nokre timar kom sola til gjere klasserommet ulideleg varmt. Fram for meg låg arket. Eg hadde teke eit val. Eg skreiv oppgåve nummer tre, planken.

Kvifor nemnde alle den lette oppgåva for planken? Skreiv du ein planke, kunne du berre lata penna trylle fram ord, like lett som du trilla ei trillebår? Har nokon trilla ei trillebår etter ein planke? Det er ikkje lett. Det er ikkje lett å skrive nynorsk heller. No har eg skrive ein setning.

Kanskje planken ikkje er ei lange rekke av plankar ei skal balansera ei trillebår full av murstein på. Kanskje planken er stutt. No har eg skrive to setningar. Korleis er det med hankjønnsorda i fleirtal, skal dei enda på -er eller -ar?

Ei innleiing må ha fleire enn to setningar. Eg skriv to til, men j-en, kor skal han vere? Ein ting er sikker på. Ikke heiter ikkje ikke på nynorsk. Nynorsk er lett, sa læraren, du skriv nett som du snakkar. Eg seier ikkje ikkje, eg seier itj. Skal j-en kome før k-en då? Men så var det noko med i-en og y-en som var ein tur på byen. Dei helsa ikkje på j-en sjølv om dei kom frå same alfabet. Er bokstavane i nynorsk ansleis enn bokstavane i bokmål?

Kanskje eg skulle skrive ein annan oppgåve. "Mange små skular blir no slått saman til store skular. Kva føremon kan det ha?"

Nei, eg har valt å trille trygt på planken. Dessutan har eg skrive fleire liner. Men har eg meir å skrive om? Og korleis skal ein skrive noko vettug når det er forbode å skrive begynne, mulighet og kjærlighet?

Eg blir svimmel. Magen snurpa seg saman. Enn om eg går no? Berre leverer og går. Eg har streva og sveitta i snart ein time.

Med bind for augo, står eg ytst på planken. Havet fossar nedunder. No forlet eg båten dei kallar skule. Hjarte bankar, eg blir merksam på pusten. Eg må trekke han djupt for at hjarte ikkje skal eksplodera. No kunne eg tenke meg å ta fram sigarettane, men eg må ut fyrst. Det var då eg høyrde stemma åt vestlandsfanden. Han kviskra bak øyre mitt.
"Ingen stryk i nynorsk!"
"Å?" Eg ble med eit roligare, nesten glad.
"Hugsar du ikkje kva lektoren svara då ei engsteleg jente, som torde tenkje tanken heilt ut, spurde: "Enn om vi stryk?"
"Nei, dykk stryk ikkje!" svara han.
Glad til sinns, gav eg vakta arket med fire liner og gjekk ut i sola og tok fram sigarettane.

Fanden annamme. Eg strøk.

-----------------------------------
Nokre rettskrivingfetisjtar har gjort meg merksam på at siste ordet er gale. Det heiter ikkje strøk.

Retting
å stryka, strauk, har stroke
å stryka, strauk, har stroke
å stryka, strauk, har stroke

Følgere