lørdag 10. januar 2009

Fanden

Det var ikkje snøkave dagen eg møte fanden. Dagen var klår, og om nokre timar kom sola til gjere klasserommet ulideleg varmt. Fram for meg låg arket. Eg hadde teke eit val. Eg skreiv oppgåve nummer tre, planken.

Kvifor nemnde alle den lette oppgåva for planken? Skreiv du ein planke, kunne du berre lata penna trylle fram ord, like lett som du trilla ei trillebår? Har nokon trilla ei trillebår etter ein planke? Det er ikkje lett. Det er ikkje lett å skrive nynorsk heller. No har eg skrive ein setning.

Kanskje planken ikkje er ei lange rekke av plankar ei skal balansera ei trillebår full av murstein på. Kanskje planken er stutt. No har eg skrive to setningar. Korleis er det med hankjønnsorda i fleirtal, skal dei enda på -er eller -ar?

Ei innleiing må ha fleire enn to setningar. Eg skriv to til, men j-en, kor skal han vere? Ein ting er sikker på. Ikke heiter ikkje ikke på nynorsk. Nynorsk er lett, sa læraren, du skriv nett som du snakkar. Eg seier ikkje ikkje, eg seier itj. Skal j-en kome før k-en då? Men så var det noko med i-en og y-en som var ein tur på byen. Dei helsa ikkje på j-en sjølv om dei kom frå same alfabet. Er bokstavane i nynorsk ansleis enn bokstavane i bokmål?

Kanskje eg skulle skrive ein annan oppgåve. "Mange små skular blir no slått saman til store skular. Kva føremon kan det ha?"

Nei, eg har valt å trille trygt på planken. Dessutan har eg skrive fleire liner. Men har eg meir å skrive om? Og korleis skal ein skrive noko vettug når det er forbode å skrive begynne, mulighet og kjærlighet?

Eg blir svimmel. Magen snurpa seg saman. Enn om eg går no? Berre leverer og går. Eg har streva og sveitta i snart ein time.

Med bind for augo, står eg ytst på planken. Havet fossar nedunder. No forlet eg båten dei kallar skule. Hjarte bankar, eg blir merksam på pusten. Eg må trekke han djupt for at hjarte ikkje skal eksplodera. No kunne eg tenke meg å ta fram sigarettane, men eg må ut fyrst. Det var då eg høyrde stemma åt vestlandsfanden. Han kviskra bak øyre mitt.
"Ingen stryk i nynorsk!"
"Å?" Eg ble med eit roligare, nesten glad.
"Hugsar du ikkje kva lektoren svara då ei engsteleg jente, som torde tenkje tanken heilt ut, spurde: "Enn om vi stryk?"
"Nei, dykk stryk ikkje!" svara han.
Glad til sinns, gav eg vakta arket med fire liner og gjekk ut i sola og tok fram sigarettane.

Fanden annamme. Eg strøk.

-----------------------------------
Nokre rettskrivingfetisjtar har gjort meg merksam på at siste ordet er gale. Det heiter ikkje strøk.

Retting
å stryka, strauk, har stroke
å stryka, strauk, har stroke
å stryka, strauk, har stroke

5 kommentarer:

O14v s1n b10gg sa...

Bra, men litt usakelig til tider.

JonasB sa...

Bra historie dette. :)

schjefte sa...

æ like ikke ny-norsk.. skjønnitj koffer folk like ivar åsen..

Energyzer sa...

ja fant en del feil, hurra for word og copy/paste

Kjell Arild Welde sa...

Ja, det heiter
å stryka, strauk, har stroke
eg veit det no.

Eg kan no sjå kan nokre av mine feil utan skam. Norsklærarane er berre mine vener når dei har lagt bort raudpenna.

Følgere