onsdag 27. mai 2009

Tyggegummi og pennturkar

Kor er tyggegummien? Eg har ikkje sett han i munnen på ein einaste elev. Har elevane slutta å tygge tyggegummi? Det kan eg ikkje tenkje meg. Dette må eg ta opp med vaktmeisteren. Tyggegummien må då liggja som ei inntørka klyse under ein eller annan pult. Han har ikkje vore tema for eit einaste møte i det siste - tyggegummien.

- Nokre lærarar tillet svineriet. - Andre ber elevane spytta ut. - Slik kan vi ikkje ha det. - Vi må han ein samla front mot tyggegummien, elles vil elevane tyggja og tyggja og snakka og snakka. - Eg tillet tyggegummi i munnen, men tygg dei på han, då er det rett ut. - Eg ber alle elevane gapa opp, før timen byrje, så eg viss på å få ein tyggegummifri time. - Ein gong såg ein elev putta ein tyggegummi i munnen. Han trudde ikkje eg såg det, men der tok han feil, og han kjem aldri til å gjere det om att.

Kvifor har har vi ikkje tyggegummidiskusjonar lenger. Har Facebook og MSN tek over rolla som hatobjekt?

Plinius nemner pennturkar i sin blogg og fort er tankane tilbake til gamle dagar. Min pennturkar var ei grøn lapp i ull, storleiken var fem gange fem centimeter. Han hadde lause masker i byrjinga, men vart for stramma opp av lærarinna. Det var i dei dagane læraren heite lærarinne og hadde stram knute i nakken og stramme drag i andletet. Eg takkar Plinus for at eg no ser samanhengen mellom penntørkaren og bortfallet av kjønnsendinga i namna på yrka. Kven kunne tru at ein ullapp til å tørka burt blekk frå ein pennespiss, skulle leggja grunnlaget for ein revolusjon ti år seinare: når gutar lærde å stikke, så kunne ei lærarinne jamvel heite lærar og bortfallet av særdraga til kjønna forsvinne. Snart er det berre på løna ein kan sjå skilnaden.

Eg hadde ein kvit knapp på min penneturkar òg. Han hadde ingen funksjon som eg huskar. Ein kunne vel putte pennespissen i eit av hola til knappen og retta opp spissen, viss han hadde bøygd seg. Knappen var ikkje berre til pynt, han var eit symbol på oppnådd dugleik. No kunne eg sy i ein knapp og det kunne gå med vel i livet sjøl om eg ikkje fekk meg ei kone, og skulle eg gå rundt utan knapp i buksa, så ville ingen kvinne med vyrd sjå på meg. Det var eg viss på.

Pennturkaren kom aldri i bruk. Penna han skulle tørka, tørka av seg sjølv. Ho låg ubrukt i pennalet. Ny teknologi hadde komme og tatt livet av det raude penneskaftet med pennesplitt. Fyllepenna hadde innteke det øvste rommet i pennalet. Trekkpapir og penneturkar var brått uten framtid. Eg las ikkje aviser når eg var ti år, men hadde eg lese, hadde det kan hende stått: advokatfirma går til sak mot fyllepennprodusentane. Trekkpapirprodusentane seier fyllepenna drep trekkparitet.

Sjølsagt var det forbode å bruka fyllepenn. Ho kom til å øydelegga handskrifta. Ho braut likskapen. Blekkhusa hadde berre blått blekk. No kunne ein fylle fyllepenna med patroner med både blått, grønt og til med raudt blekk. Tenk om nokon elev tok til å skriva med raud blekk!

Følgere