mandag 3. juni 2013

Fredrikke Marie Qvam

I små ting frihet
I store ting enighet
I alle ting kjærlighet

Ei av dei siste åra mormor levde besøkte eg ho på gamleheimen. Ho hadde fortalt om mor si, oldemor mi, før, men no var det ansleis. Ho snakka sakte og tenkte mykje. "Eg sit senga og mor er der, det er ei lita jente der òg. Kan det vera meg?"
Ho tenkte seg om.
 "Nei," sa ho og lo. Det kunne det ikkje vera meg. Rett nok var ho gamal no, men så tullerusk hadde ho ikkje vorte at ho såg seg sjølv, men ho såg noko no. Det var klart, gamle minner.
"Var det Jenny?"
 Ja, det var det, Jenny systera mi, måtte det vera. Ho var lita, berre ungen. Eg var ikkje gamal eg heller.

No veit eg ho var akkurat ni år på denne dagen. Ho skulle ha feira årmålsdag, den dagen. Eg veite av di det står i kyrkjeboka. Men dagen vart ikkje noko å feira.

Mormor hald fram med å fortelja. Men brått er mor borte.  Eg skjøna ingen ting. Hadde ho gått på do, skulle vore tilbake no. Eg vart redd og byrja leite etter ho.  Eg fann ho ingen plass, ikkje på stova, ikkje på kjøkenet. Eg måtte sjå om ho framleis var på do.

Doen var ein del av låven. Ein heilt typisk utedass med flugor og lukt. Å gå på do på landet var ei heilt anna oppleving enn i byen kor eg budde. Men dette hende var før mi tid og dessutan var det vinter. Anna, mora til mormor hadde går på skirenn den vinteren. Ho hadde kome på niande plass. Det må ha vore nokon av dei fyrste kvinne-skirenna i verda. Skiklubben Skade er visstnok den eldste kvinne-skiklubben som er.
 
Så fortalde mormor: men ut på tunet fann eg ho. Ho låg i snøen, livlaus.

Eg trur eg hugsar at eg som liten gut høyrde ei klokke som ringde midt på dagen. Når eg spurde kva det var, sa dei vaksne det var klokka som fortalde arbeidsfolket at no var det dugurd. Klokka hang i klokketårnet på By gard på andre sida av elva. Sjøl om det er eit stykkje veg dit, så kan ein sjå tårnet no òg sjølv om klokka ikkje kling lenger.

Så det er vel sant det mormor fortalde:  Eg skreik og  hylte. Skrika vart høyrt over heile bygda, heilt til By gard på andre sida av elva. Det fortalde folk meg seinare.

Eg tenkte på dette, når eg sat og høyrde Robert Øftsti intervjua Magnhild Folkvord om boka ho skreiv om Fredrikke Marie Qvam. Fredrikke voks opp på By gard. Qvam familien kom, som Robert Øfsti, frå ein familie av kjøpmenn frå Trondheim. For meg har Fredrikke Marie berre vore ho dama med den breibremma hatten som det står ein byste av på torget ved sida av kyrkja. Ho som stifta st «Norske Kvinners Sanitetsforening».

Eg har aldri forstått kvifor ho har  fått slik merksemd. Ei tid ville nokre kvinnfolk at det største skulen i Nord Trønderlag skulle heite Fredrikke Marie Qvam vidaregåande skule. Ein kollega med mykje kunnskap om lokal litteratur føreslo Skuggeheimen vidaregåande skule. Det klang betre tykte eg. For kven har ikkje lese Dansen gjennom skuggeheimen? Det forslaget arbeide eg aktivt for å få igjennom. Eg meiner òg eg hadde ei god grunngjeving.

Men korleis får ein gjennom gode forslag? Det streid ein med før i tida òg. Men ulikt meg, klarte Fredrikke Marie Qvam å få gjennom sitt forlag. Forslaget om alminneleg stemmerett for kvinner.

Magnhild Folkvord teiknar eit bilde av tida før Fredrikke Marie Qvam vant kampen om stemmer rett for alle kvinner. Ei tid eg skulle ha vist meir om, men eg sat ikkje med nasen i historie boka når eg gjekk på skulen. Noko har eg no fått med meg likevel. Eg husker eg var forundra då morfar fortalde at dei i 1905 las avisa kvar dag for å sjå korleis det gjekk. Tenk morfar levde i 1905.

«Norske skyttere» heite tre bøker som sto i nedste bokhylla til morfar. Det var tamme bøker. Berre bildet av andletet til «norske skyttere».  At «folkevæbningssamlaget» var ei rørsle som hadde  noko å siea i 1905, veit eg ikkje nolo om, men det kan hende. Det kan hende ein må sjå danning av «Norske Kvinners sanitet» samanheng med 1905 òg.

Mormor som nå var morlaus vart med oldefar på anlegg. Der jobba ho som kokke. Det høyrde eg mykje om. Men det er fyrst etter å ha lese kyrkjebøkene eg veit at ho var berre ungjenta. Oldefar hadde kome frå Sverige, som arbeidsinnvandrar ville vi kanskje sagt i dag, som slusk eller rallar tykkjer eg kling like bra. I kyrkjeboka står han skreve inn fyrst som «gruvearbeider» og seinare som «gråsteinarbeider» ved By Brug.


Fredrikke Marie Qvam NKS

Fredrikke Marie Qvam

Stemmerettsjubileet
  

 

Følgere