lørdag 17. januar 2009

Ei fjommengd tekst i ei bok

Før krigen var papir dyrt og mange måtte tenkje før ein skreiv. Elektrisitetslæra som er sitert nedafor er opphavlege på ei side. Teksten må vere eit førebilete for ein kvar fagbokforfattar, eg meiner forfattar av digitale fagtekstar.
Den elektriske straumen er ei rørsle, ein straum, av små fjommengder som ein kallar elektronar, og styrken på den straumen er den mengd elektronar som i kvar sekund gjeng gjennom ein fastsett tverrskurd på ein leidar.

Straumstyrken mæler ein i ampere (A). For at desse elektronane skal røra seg, må det eit trykk til. Dette trykket kallar ein spaning og mæler det i volt (V).

Det arbeid som ein straum gjer for kvar sekund når han gjeng gjenom ein leidar, er lik produktet av staummengdi som gjeng gjenom leidaren, og trykket som trykkjer straumen gjennom leidaren. Dette arbeidet mæler ein i watt (W).

1000 watt = kilowatt = 1kw
736 watt = 1 hestekraft = 1hk

Brukar ein 1 W i ein time, fær ein 1 watt-time
1000 Wh = 1kwh (kilowatt-time)

Arbeid pr.sek. (yting) = straumen x spaningi.

Den elektriske straumen som gjeng gjenom ein leidar, møter alltid motstand, og det er dette motstandet som gjer at ein må ha eit trykk, spaning, som driv elektronane fram gjennom leidaren.

Di større dette trykket, spaningi, er di større er den straumen av elektronar som gjeng gjenom leidaren. Og umvendt er straumen mindre di større motstanden er når spaningi er den same.

Det vil seia, straumen = spaningi : motstandet

Motstandet mæler ein i ohm.

Er det straum som gjeng gjenom ein leidar 1 amp. og spaningi som trykkjer denne straumen gjenom leidaren 1 volt, då er motstandet i leidaren 1 ohm.

2 kommentarer:

JonasB sa...

Dette var jaggu morro og interesant.

O14v s1n b10gg sa...

Litt interesant men ikke så mye.

Liker ikke nynorsk.

Jeg skjønte ikke elektro biten helt da men.

Følgere