fredag 9. januar 2009

Tinga

No har eg bytta namn på bloggen til Tinga. Ein gong skal eg syne 99 bilete her. Kvart bilete skal syne ein ting. Kvar ting har ei historie, og den historia har eg tenkt å skriva. Kvifor er eg oppteken av ting? Jo, det starta med dei 23 tinga om web 2.0. 23om20.wordpress.com blei min fyrste ordentlige blogg. Så fylgde 23tingom2null.wordpress.com - eller var det omvendt.

Det er på blogger.com ein skal blogge, viss ein skal følje dei 23 tinga. Difor måtte lag ein blogg her òg. Namnet 100 ting hadde nokon andre teke. Kva er gale med ein mindre. 99 er jo eit like vakkert tal som 100. Eg lærte at det hadde vore, og kanskje fortsatt er, ein internettleik å skriva ei 100 liner lang liste med ting, som fortel noko om ein sjølv. Mitt mål er 99 liner - og 99 bilete. Eg har kome til 9 liner om meg sjølv og 0 bilete. Men måla skal ein aldri gløyma.

1000 things that matters er òg ei liste. Lista inneheld ikkje 1000 ting enno.

Kvifor bloggar er på nynorsk? Jo, har noko med noko som hende ein føremiddag for mange år sidan. Vil du høyre historia?

Ingen kommentarer:

Følgere